Moddi – Midt iblant oss @moddimusikk
Moddi – Midt iblant oss  @moddimusikk
Uploaded June 2024 | Updated November 2026, 3 hours ago
Live performance from Haug kirke, Ringerike. Taken from the new album "Vandreviser", released 24 May 2024.

---

Eg trur ikkje på Gud. Likevel hadde eg fleire nære og intense møte med Jesus på pilegrimsleden 🌿

Idet nytestamentet startar, forandrar Bibelen seg frå ei trøyttande slektstavle til eit flammande kampskrift. Den Jesus som openberrar seg i evangelia, er ein revolusjonær idealist – ein som går døden rakt i møte heller enn å svikte sine eigne ideal.

Det er mykje eg kan like med Jesus. Ein av tinga er korleis han insisterar på at Gud – eller det gode – ikkje kan forståast på nokon rett fram måte. Det er omskifteleg og foranderleg, flyktig og allstadsnærværande på ein gong. Slik som når Jesus blir spurt om Guds rike i Lukas' evangelium:

"Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det.’ For Guds rike er midt iblant dykk." (Luk 17, 21)

… og som ein ekstra liten teologisk godbit, står det som fotnote i skrifta: "Kan òg omsetjast «Guds rike er inne i dykk»"

Noko slikt kan eg faktisk tru på.

---

Foto: Martin Bremnes og Mathias Lohne
Klipp: Jørgen Nordby
Miks: Sivert Henriksen

Takk til Lena Rós Matthíasdóttir og Haug kirke.
Moddi – Midt iblant ossKnekte greine, doddjon oavsiitMODDI - UNSONGS: The story behind Oh My Father, I Am JosephModdi - House by the Sea (Live at Jakob Church of Culture)Moddi – Forbidden songs (FULL DOCUMENTARY)Moddi – Ei ny tidModdi - New Dawn (with Ida Løvheim)Moddi – Elbildagbøkene (1/4)Moddi talks about BråtebrannModdi - Train Tour day #8 (Dresden)Moddi - En sang om flyModdi - En vise om kinabarna (Rudolf Nilsen)
Moddi |

Moddi – Midt iblant oss

SHARE TO X SHARE TO REDDIT SHARE TO FACEBOOK WALLPAPER