Moddi – Det som berge meg @moddimusikk
Moddi – Det som berge meg  @moddimusikk
Uploaded January 2021 | Updated November 2026, 3 hours ago
Eigentleg burde eg kanskje venta til albumet er heilt ferdig (og spoiler: det er ikkje lenge til!), men akkurat no kjentes det som om denne songen gjorde meir nytte ute blant folk enn i dagboka mi.

Eg skreiv "Det som berge meg" i fjor vår, medan 2020 og den første nedstenginga var i ferd med å kvele meg fullstendig. Etter at alle planar, draumar og lange linjer var blitt kutta av, forsøkte eg desperat å skape litt meining i kvardagen med små ting. Eg hadde vindauga fulle av småplanter, begynte med både yoga og jogging, brukte nettene på matredding i konteinarar, plukka søppel og brennesle og ramslauk og forsøkte å ta vare på dei som hadde det stusselegare enn meg sjølv.

Eg veit at mange av dykk som høyrer på musikken min, har ting de brenn for. Hjartesaker, draumar og vyar for framtida. Med nedstenginga har det vorte dobbelt så vanskeleg å forandre verda, slik kjennest det i alle fall for mange av oss. Og då er det sjukt viktig at vi tar vare på oss sjølv – og kvarandre.

"Det som berge meg" er til alle dykk som synst det er vanskeleg å skape meining i ein innestengt og begrensa kvardag. Som saknar demonstrasjonane, folketoga, sommerleirene, festivalane og dei lange nettene. Hald ut!
Moddi – Det som berge megModdi & Kajsa Balto - Mearariikkas (House by the Sea) (live from Visa vår)Med skolesekken i FinnmarkModdi på Norgesturné 2022Moddi - Northern Line (acoustic in Istanbul)Moddi - For an UnbornModdi – Ikkje en sangHow many woolen sweaters do you have, Pål Moddi Knutsen?Moddi - Punk Prayer (music video)Moddi med Arktisk Filharmoni – I desemberModdi - Dont panic! (studio diary #3)Moddi & Stein-Gunnar Bondevik – Studebaker (live på hytta i Lenvika)
Moddi |

Moddi – Det som berge meg

SHARE TO X SHARE TO REDDIT SHARE TO FACEBOOK WALLPAPER